Om Byggemester Stølsvik AS

Byggmester Stølsvik AS er ei allsidig bedrift med base i Førde i Sogn & Fjordane. Vi utfører hovudsakleg oppdrag i Førde, Gaular og Jølster. Sidan etableringa i 1979 har vi vokst til 25 høgt kvalifiserte medarbeidarar som alle arbeider saman for at du som kunde skal bli nøgd, uansett storleik og omfang på byggeprosjektet.

Byggmester Stølsvik As er medlem av Mesterhus, Norges største huskjede. Med utgangspunkt i huskatalogen til Mesterhus kan vi hjelpe deg gjennom heile prosessen – frå planlegging til prosjektering til huset står klart til innflytting. Lang erfaring og lokal kompetanse gjer at vi kan hjelpe deg med å sette husdraumen ut i livet.

Vi har også spisskompetanse på større prosjekt, og har utført fleire total-enteprisar i samband med både næringsbygg og leiligheitsprosjekt. Her hos oss er ingen jobb for stor, og ingen jobb for liten.

Nøgde kundar er vår drivkraft. Vi er opptatt av å vere leveringsdyktige heile tida , og gjennom små og store prosjekt til privatsonar og offentlege verksemder syter vi for å oppretthalde kontinuiteten i produksjonen vår. Vi har opp gjennom åra hatt gleda av å vere involvert i fleire store prosjekt, noko som har vore både interessant og ikkje minst utfordrande. For oss er nøgde kundar det viktigaste, og det er også drivkrafta vår.

”Veien fra drøm til virkelighet er kortere enn du tror”.


Ring oss for uforpliktande synfaring og pristilbod !

Tlf.: 57 82 39 15

Mob: 950 30 400










LES MEIR I BROSJYRA







Medlem av Byggmesterforbundet




Byggmester Stølsvik AS, Flatene 1, 6800 FØRDE, Telefon: 57 82 39 15 Telefaks: 57 82 39 65, E-post: post@stolsvik.no
© Mesterhus Førde - Sjå meir informasjon