ENØK

ENØK handlar om å bruke energien på ein slik måte at vi reduserer forbruket utan å senke kravet til komfort.
Å redusere energiforbruken vil også vere å ta ansvar for miljøet.

Enkle tiltak er ofte nok for å oppnå ein betydeleg reduksjon i kostnadane. Kva for tiltak som vil vere effektive vil variere frå bygg til bygg, og det kan difor lønne seg å søke profesjonell hjelp for å få avklart kva som er gunstig i akkurat din bustad eller bedrift.

Byggmester Stølsvik har, som einaste firma i Sunnfjord, ein godkjend ENØK-rådgjevar som samarbeider med Enova SF for å finne fram til dei beste måtane å få redusert energiforbruken på. Ved å bruke oss kan du få dekka 50 prosent, eller inntil 5.000,- kr, av den dokumenterte totalkostnaden til energirådgivinga. Vidare kan du få støtte til opptil 125 000,- kr ved oppgradering av bustaden din.

Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande prat!