Vi svarar sjølv på kva som skjedde med veien ved akebakken

Vi ønsker å legge til litt meir informasjon til artikkelen i Firda i dag:
I to veker har vi hatt ein pågåande kamp med Firda for å få lagt ut svar  på innlegget 09.02.2018. Dei ville først ikkje skrive noko, men etter å ha opplyst at vi kom til å ta saken vidare til Pressens Faglege Utval (PFU) fekk vi komme med deler av vår side av saka. Dette er publisert i dag, og du kan lese innlegget her.

I det første innlegget fekk vi ikkje moglegheit til å uttale oss om saken i det heile. Firda forsøkte å ringe dagleg leiar Per Stølsvik ein gong på føremiddagen. Klokka 11.21 var saken på nett, og det som vart sagt i innlegget var at «Dagleg leiar i Byggmester Stølsvik AS, Per Ingvar Stølsvik, var ikkje tilgjengeleg for kommentar.». Grunnen til at han ikkje var tilgjengelig var fordi han satt i møte, det gjor han frå Firda ringte, til lenge etter at saken var på nett. I administrasjonen i Byggmester Stølsvik AS jobbar vi 7 stk, og her satt 6 andre som kunne teke imot henvendelsen frå Firda. Kontaktinfoen vår kan ein finne her.

Slik artikkelen er skriven er mange vesentlige moment ikkje tatt med, som for eksempel kva tiltak Byggmester Stølsvik har utført i akebakken, slik at ein ikkje skal oppfattar det slik at vi berre har teke oss til rette:

  • Dei tiltaka som er gjort er:
    Lagt på masse i to omgangar i heile akebakken, første gang i 2006  på forespurnad frå Grannelaget. Dette på grunn av at det har var store steinar som stakk opp i akebakken, som gjorde det farleg å ake der ved mindre snøfall.
  • Vi la på fastare masse langs gjerdet, slik at det skulle bli betre for gåande å ferdast i bakken.
  • I tillegg laga vi port gjennom eigen eigedom slik at bebuarane i omårdet slepp å ta omvegen ned på leikeplassen for å få kortast veg til Førde sentrum. Det er ikkje vanleg å ha gangveg gjennom ei tomt, men vi prøvar å utforme våre prosjekt til folkets beste.
  • Fastare masse i starten av akebakken, då her alltid har vert eit problemområde med mykje gjørme, og is på vinterstid.

Alle desse tinga har vi utført kostnadsfritt, nettopp fordi vi ønsker å støtte oppunder vårt eige nabolag. Og akebakken har etter vår meining aldri vert i betre forfattning.
Firda ville heller ikkje ha med den store isproblematikken som har vert i området i alle år, som er ein stor grunn til at den provosoriske vegen ligg der i dag. Før vi bygde sandvollen og la ned dei to kummane som er omdiskutert i avisa, har bekken vert eit problem vinterstid. Bekken flaumde over, og voks nedover akebakken som ei stor og voksande ismasse. I 2013 flaumde bekken over den nye vollen og kummane fraus, der ismassane voks heilt ned til husveggen. Desse bileta er sendt til Førde kommune der vi ber dei bekrefte om dei må ha vegen eller ikkje for å komme til kummane. Vi har aldri fått noko svar, og kunne først lese om deira oppfatning i førre avisinnlegg.

Vi håpar bebuarar og Grannelaget forstår at vi ikkje har hatt til intensjon å la vegen bli ståande slik utan grunn. Slik vi ser det er denne vegen ei trygging for bebuarane i Bøgardsvegen 32. Den gjer at kommunen kjem til når ein slik problematikk slår til igjen.

Her ser vi korleis bekken flaumar nedover akebakken der den provisoriske vegen ligg i dag.

Eg forstår også at ein kan ha forskjellig oppfatning på kvar akebakken startar og sluttar. Men i mi barndomstid var hovudakebakken der vegen ligg i dag, nettopp på grunn av at bekken flaumde stort sett kvar vinter, og når det var kaldt var det store forgreiningar med is i det øverste partiet (sjå bilete). Men etter at vi heva sandvollen og la ned kummane i forbindelse med byggeprosjeket har isproblematikken blitt drastisk forbetra, og eg forstår at i den siste tida har det kanskje vore mogleg å forlenge akebakken.


Vår intensjon med dette innlegget er å opplyse om at ei sak kanskje er meir kompleks enn den ser ut til i første augesyn. Men vi håpar dette er meir opplysande detaljar i saka, og at det blir avslutta i løpet av kort tid.