Gratulerer med bachelor, Kathrine!

På vårparten i fjor kom det ei strålande sol innom oss og spurte veldig pent om ho kunne få praksisplass ein månad. Faget det var snakk om var «styrt praksis» og skulle gi den kommande bygg og annleggsingeniøren ein forsmak på det ekte arbeidslivet.

Ganske tidleg i praksisen kjente vi alle her at det å ha Kathrine med oss rett og slett gjorde dagane mange hakk bedre. Det var heilt nødvendig at snittalderen gikk ned og kvinnebestanden gikk opp, så då slutten på praksisen nærma seg var ingen i tvil; Kathrine måtte behaldast. Til tross for at ho har eit heilt år igjen på studiet.

Så det siste året har Kathrine gjort ein kjempeinnsats. Samtidig som ho har våre fulltidsstudent på siste året, har ho jobba mykje og hardt – til tider nesten full stilling. Ho har med friskt mot tatt tak i utfordrande arbeidsoppgåver, lært seg revit og med ei innstilling av typen «det har eg ikkje gjort før, så det er eg sikkert kjempegod på» (sånn det ser ut for oss andre ivertfall) har ho mestra både jobb og skule om ein an. Etter å ha jobba som ingeniør i eit heilt år, var det kanskje på tide å også få lov å kalle seg ingeniør 😉 Gratulerer så mykje!