Smedstad – Kva fordelar er det å kjøpe ny bustad som ikkje er ferdig? Vi har laga ein liten guide.

Er der nokon forskjellar mellom å kjøpe ny bustad og brukt bustad? Vi har laga ein liten guide.

Vi søkjer tømrar med fagbrev

Kari si reise frå Smestad til Smedstad

Gratulerer med bachelor, Kathrine!

På vårparten i fjor kom det ei strålande sol innom oss og spurte veldig pent om ho kunne få praksisplass ein månad. Faget det var snakk om var «styrt praksis» og skulle gi den kommande bygg og annleggsingeniøren ein forsmak på det ekte arbeidslivet.

Ganske tidleg i praksisen kjente vi alle her at det å ha Kathrine med oss rett og slett gjorde dagane mange hakk bedre. Det var heilt nødvendig at snittalderen gikk ned og kvinnebestanden gikk opp, så då slutten på praksisen nærma seg var ingen i tvil; Kathrine måtte behaldast. Til tross for at ho har eit heilt år igjen på studiet.

Så det siste året har Kathrine gjort ein kjempeinnsats. Samtidig som ho har våre fulltidsstudent på siste året, har ho jobba mykje og hardt – til tider nesten full stilling. Ho har med friskt mot tatt tak i utfordrande arbeidsoppgåver, lært seg revit og med ei innstilling av typen «det har eg ikkje gjort før, så det er eg sikkert kjempegod på» (sånn det ser ut for oss andre ivertfall) har ho mestra både jobb og skule om ein an. Etter å ha jobba som ingeniør i eit heilt år, var det kanskje på tide å også få lov å kalle seg ingeniør 😉 Gratulerer så mykje!

Kva tilvalg bør ein prioritere når ein kjøper ny leilighet?

Eit spørsmål som stadig dukkar opp blant kundar som har kjøpt eller vurderer å kjøpe leilighet i eit av prosjekta våre er; «kva tilvalg bør vi prioritere med ein gong dersom vi ikkje har nok penga til alt vi VIL gjere?». Det er ikkje noko fasitsvar her, ingen huskjøpar er lik. Men skal du velge litt praktisk eller logisk kan vi gjerne gi deg eit par peikepinnar.


Dette bør du prioritere:

Golv: ønsker du eit anna golv enn kva som er standard i leveransen kan dette vere smart å prioritere med ein gong grunna underskap og lister. Istadenfor å sitte med den jobben etter kun få år, er det like greit å ta denne kostnaden med ein gong.

El punk: Ønsker du fleire el-punkt og kanskje el-punkt utandørs bør dette velgast som tilval. Det er lettare å montere ekstra el-punkt når bustaden er under oppføring enn etter at den er ferdig dermed blir kostnaden mindre dersom ein tek det med ein gong.

Downlights: Samme prinsipp som i el-punkt. Dette er ein mindre kostnad og ikkje minst enklare å utføre når bustaden er under oppføring. Skal du gjere noko med det eletriske, gjer det med ein gong.

Veggflis på bad: På golvet kan ein sjølv enkelt legge flis på flis om ein ønsker endring. Veggflis derimot kan vere vanskeleg å legge pga brytarar, el-punkt og veggskap.


Du har kanskje høyrt «selvgjort er velgjort» men ein annan ting vi gjerne seier er «selvgjort blir aldri gjort». Berre nett nevner det. Men her og der må det prioriterast då bustad for dei aller fleste er ei stor investering. Her er ei lita liste over kva som kan vere mindre tiltak å gå i gang med etter å ha budd i bustaden nokre år.


Dette kan du vente med:

Fargar: Første punkt er vel det mest åpenbare. Male kan du enkelt gjere sjølv. Nokon skiftar faktisk farge i heimen etter sesongen og nye trendar – og det går heilt fint.

Kjøkken: Om du ikkje heilt kan ta deg råd til eit ekslusivt kjøkken med ein gong, kan det vere mogleg å gå for standardmodellen og heller oppgradere frontane etter nokre år. (Du må då mest truleg halde deg til samme kjøkkenleverandør). Litt pirkete monteringsarbeid, men dette klarer ein med litt tålmod.

Golvfliser: På golvet kan ein legge flis på flis.

Baderomsinnredning: Litt samme prinsipp som kjøkken. Har du ikkje råd til oppgradering før du flyttar inn? Om du nøyar deg med standardmodellen nokre år er denne mindre avansert å bytte ut.


 

Gratulerer Erik Stene!

Byggmester Stølsvik sitt bilete.

Erik Stene sto på fagprøva som tømrar fredag 2/11-18, og er dermed ferdig som lærling! Vi er stolt av deg, og håpar vi får behalde deg her til dagen du går av med pensjon 🙂

Gratulerer Jens-Ivar Hylderås!

Byggmester Stølsvik sitt bilete.

Vi vil gjerne gratulere Jens-Ivar Hylderås med bestått fagprøve! 

Dette er ein kar som verkeleg har blomstra her hos oss, og det har våre inspirerande å følge deg frå å vere ein litt forsiktig lærling, til å bli ein arbeidsam og initiativrik tømrar som aldri kvir seg på å ta i eit tak. Vi er stolte av å ha slike som deg på laget her i Byggmester Stølsvik AS 🙂

Ferietider

Hei alle saman! Vi skal no ut i ferie, og vil informere om at vi harmindre bemanning i administrasjonen i juli månad. Vi vil alle lese e-åpost sporadisk, og gjere vårt beste for å svare dersom noko hastar.

I veke 29 og 30 (16 juli – 29 juli) vil kontoret vere utan bemanning. Utanom det kan du nå oss på telefon 57829050

Vi ønsker alle kundar, leverandørar og venner hjertelig god sommar 🙂

Helst på våre praksisstudentar frå Høgskulen på Vestlandet.

Denne måneden er vi så heldige å ha med oss Håvard Jørgensen og Kathrine Bruland på laget. Dei er elevar på Høgskulen på Vestlandet, og er nett ferdig med andre året på si tre-årige utdanning som bygg og annleggsingeniør, og er på utplassering gjennom faget «styrt praksis».

Dei har fullført 2 av 4 veker her hos oss, og har hittil i sin praksis fått jobbe med ingeniørrelatert arbeid. Dei har også fått vere med på byggemøte og kjem til å delta i bla vernerunde. No teiknar dei i revit.

Ifølge dei sjøl trivast dei godt då dei har komt inn ein plass med veldig godt arbeidsmiljø, og synes dei har fått god oppfølging. Dei har lært mykje nyttig undervegs, og ser kva oppgåver dei faktisk kjem til å jobbe med når dei skal ut i det virkelig arbeidslivet. Det er kjekt å få prøve seg.

 

Vi svarar sjølv på kva som skjedde med veien ved akebakken

Vi ønsker å legge til litt meir informasjon til artikkelen i Firda i dag:
I to veker har vi hatt ein pågåande kamp med Firda for å få lagt ut svar  på innlegget 09.02.2018. Dei ville først ikkje skrive noko, men etter å ha opplyst at vi kom til å ta saken vidare til Pressens Faglege Utval (PFU) fekk vi komme med deler av vår side av saka. Dette er publisert i dag, og du kan lese innlegget her.

I det første innlegget fekk vi ikkje moglegheit til å uttale oss om saken i det heile. Firda forsøkte å ringe dagleg leiar Per Stølsvik ein gong på føremiddagen. Klokka 11.21 var saken på nett, og det som vart sagt i innlegget var at «Dagleg leiar i Byggmester Stølsvik AS, Per Ingvar Stølsvik, var ikkje tilgjengeleg for kommentar.». Grunnen til at han ikkje var tilgjengelig var fordi han satt i møte, det gjor han frå Firda ringte, til lenge etter at saken var på nett. I administrasjonen i Byggmester Stølsvik AS jobbar vi 7 stk, og her satt 6 andre som kunne teke imot henvendelsen frå Firda. Kontaktinfoen vår kan ein finne her.

Slik artikkelen er skriven er mange vesentlige moment ikkje tatt med, som for eksempel kva tiltak Byggmester Stølsvik har utført i akebakken, slik at ein ikkje skal oppfattar det slik at vi berre har teke oss til rette:

  • Dei tiltaka som er gjort er:
    Lagt på masse i to omgangar i heile akebakken, første gang i 2006  på forespurnad frå Grannelaget. Dette på grunn av at det har var store steinar som stakk opp i akebakken, som gjorde det farleg å ake der ved mindre snøfall.
  • Vi la på fastare masse langs gjerdet, slik at det skulle bli betre for gåande å ferdast i bakken.
  • I tillegg laga vi port gjennom eigen eigedom slik at bebuarane i omårdet slepp å ta omvegen ned på leikeplassen for å få kortast veg til Førde sentrum. Det er ikkje vanleg å ha gangveg gjennom ei tomt, men vi prøvar å utforme våre prosjekt til folkets beste.
  • Fastare masse i starten av akebakken, då her alltid har vert eit problemområde med mykje gjørme, og is på vinterstid.

Alle desse tinga har vi utført kostnadsfritt, nettopp fordi vi ønsker å støtte oppunder vårt eige nabolag. Og akebakken har etter vår meining aldri vert i betre forfattning.
Firda ville heller ikkje ha med den store isproblematikken som har vert i området i alle år, som er ein stor grunn til at den provosoriske vegen ligg der i dag. Før vi bygde sandvollen og la ned dei to kummane som er omdiskutert i avisa, har bekken vert eit problem vinterstid. Bekken flaumde over, og voks nedover akebakken som ei stor og voksande ismasse. I 2013 flaumde bekken over den nye vollen og kummane fraus, der ismassane voks heilt ned til husveggen. Desse bileta er sendt til Førde kommune der vi ber dei bekrefte om dei må ha vegen eller ikkje for å komme til kummane. Vi har aldri fått noko svar, og kunne først lese om deira oppfatning i førre avisinnlegg.

Vi håpar bebuarar og Grannelaget forstår at vi ikkje har hatt til intensjon å la vegen bli ståande slik utan grunn. Slik vi ser det er denne vegen ei trygging for bebuarane i Bøgardsvegen 32. Den gjer at kommunen kjem til når ein slik problematikk slår til igjen.

Her ser vi korleis bekken flaumar nedover akebakken der den provisoriske vegen ligg i dag.

Eg forstår også at ein kan ha forskjellig oppfatning på kvar akebakken startar og sluttar. Men i mi barndomstid var hovudakebakken der vegen ligg i dag, nettopp på grunn av at bekken flaumde stort sett kvar vinter, og når det var kaldt var det store forgreiningar med is i det øverste partiet (sjå bilete). Men etter at vi heva sandvollen og la ned kummane i forbindelse med byggeprosjeket har isproblematikken blitt drastisk forbetra, og eg forstår at i den siste tida har det kanskje vore mogleg å forlenge akebakken.


Vår intensjon med dette innlegget er å opplyse om at ei sak kanskje er meir kompleks enn den ser ut til i første augesyn. Men vi håpar dette er meir opplysande detaljar i saka, og at det blir avslutta i løpet av kort tid.