29 NYE LEILIGHETER I HJARTET AV FØRDE

BELIGGENHET

I ei av Førdes mest besøkte gater kjem snart 4 signalbygg – Kontur, Neksus, Markant og Karakter.

Med sentral plassering. høg standard og spannande arkitektur er Smedstad eit bustadprosjekt som vil treffe mange ulike kjøpergrupper.

Set du pris på byens mange tilbod, men ynskjer å bu i rolege omgjevnader? Då er Smedstad plassen for deg.

Smedstad er eit moderne leilegheitsprosjekt som ligg tett opp mot Anga ved innkøyringa til Grovene. På aksen mellom sentrum og sjukehuset finn du den beste plasseringa om du ynskjer gangavstand til alt Førde kan by på. Dei fleste som bur her går eller syklar til jobb og fritidstilbod. Her er det kort avstand til Førdes største arbeidsplass og dei ulike skulemiljøa, kulturhuset Førdehuset, idrettsparken på Hafstad og sentrumskjerna med alle tilbod og tenester. Om du skal shoppe, trene, gå på fjellet eller på kafé er alt innan rekkevidde.

Her slepp du keisamt vedlikehald og kan bruke tida på det du vil! Frå Smedstad kan du ta spontanturar med vennegjengen til sentrum, eller samle tankane åleine på ein roleg kveldstur rundt Bruene. Moglegheitene for korte og lengre fjellturar finn du like om hjørnet – Valet er ditt!

KORT OM LEILIGHEITENE

Leilegheitene vert levert nøkkelferdig og klar til innflytting.

Leilegheitene på Smedstad har topp moderne standard med vassboren golvvarme og materialval av høg kvalitet.

Leilegheitene har varierande storleik, men felles for alle er gjennomgåande gode planløysingar. Dei fleste husværa er utforma etter prinsippa for universell utforming og er tilgjengeleg for rullestol brukarar.

Leilegheitene får private ute plassar med balkongar og/eller terrasser.

Leilegheitene på plan 1 har direkte tilkomst frå gatetun. For leilegheitene som ligg i plan over gateplan vil det være tilkomst frå felles heis og trapperom.

Alle leilegheitene vert selde med parkeringsplass. For kr. 250 000,- har du mogelegheit til å oppgradere til fast plass i felles parkeringskjeller. Parkeringsplassane vert klargjort for ettermontering av ladesystem for EL-bil.

UTEAREAL

Prosjektet har hatt mykje fokus på kvaliteten til uteområda. Kvar leilegheit får sin eigen private balkong eller terrasse. Dei største leilegheitene har begge delar og eigen vinterhage.

Mellom Kontur og Neksus. opp trappa frå tredje etasje vil du møte ein solrik, luftig og felles takterrasse. Her kan du invitere vener på besøk for å nye sola og utsikta frå taket.

«Oskars hage» er eit nytt og innovativt fellesområde i hjartet av Smedstad. Hagen er frodig og privat med adskilde sittegrupper som innbyr til rekreasjon og sosialt samvær. Omkransa av blomsterkassar og mellomhøge spileveggar, vil dei forskjellige sonene danne eit innbydande friområde. Vi har satt opp nokre leikeapparat og ein pergola med plass til langbord og koselege grillkveldar for store og små. Her kan du lese ei god bok eller møte favorittnaboen over ein kopp kaffi.

KORT OM STANDARD

Leilegheitene vert levert med Sigdal kjøkken eller frå anna anerkjent kjøkkenleverandør.

Det blir gjennomført avklaringsmøte med kjøkkenleverandør der kvar enkelt kan teikne sitt eige draumekjøkken.

Baderomsinnreiing vert levert av Linn Bad i storleiker tilpassa leilegheitene. På bad vert det levert vegghengt toalett, servantskap med heildekkande vask, 90×90 cm. dusjveggar, blandebateri og dusjgarnityr frå av anerkjend leverandør.

Badegolv blir flislagt med keramiske fliser. På bad blir det levert Fibo baderomsplater på veggane.

Alle vassrøyr med tilførsel av vatn utførast som røyr i røyr fordelt utifrå eige vassfordelingsskap.

Ein fordel med å kjøpe ei heilt ny leilegheit er at du sjølv kan være med å påverke korleis din nye heim skal bli.

Er du tidleg ute og kjøper leilegheit på Smedstad, får du tid til å sette eige preg på din nye heim. Det er fullt mogleg å gjere endringar på material og overflater innanfor gitte rammer, også utover det som er inkludert i prisen.

Tilvalsprosessen kjem vanlegvis i gang etter byggestart der vi i møte med deg går gjennom moglegheitene for individuelle tilpassingar.

Sjå leveransebeskrivelse for SMEDSTAD i eige vedlegg til annonsa. Her får du detaljert info om kva som er inkludert i leveransen i frå utbyggar.