Radon

Radon er ein usynleg og luktfri gass, som blir danna kontinuerleg i jordskorpa. Utandørs vil radonkonsentrasjonen normalt vere låg, og helsefare oppstår først når gassen siver inn i bygg og oppkonsentrerast. Radongass er helseskadeleg for menneske, og kan på sikt auke risikoen for lungekreft. Strålevernet anbefaler difor alle å måle radon i heimane sine. For utleigebustader, er det gitt grenser for radonnivået i strålevernforskrifta.

Det er umogleg å forutsei om akkurat din bustad har eit radonproblem. Den einaste måten å finne det ut på, er å måle. Heldigvis fins det effektive tiltak mot høge radonkonsentrasjonar. Byggmester Stølsvik AS har kompetanse på radon, og vi kan hjelpe deg med både å måle radon og setje inn tiltak dersom det er nødvendig.