Er der nokon forskjellar mellom å kjøpe ny bustad og brukt bustad? Vi har laga ein liten guide.

Kva fordelar er det å kjøpe ny bustad som ikkje er ferdig? På Smedstad har vi endå nokon leilegheiter igjen der du som kunde har moglegheita til å vere med å setje ditt preg. Vi har laga ei lita oversikt over kva fordelar ein har med å kjøpe nytt på Smedstad.

1. Ingen bodrunde og fast pris

Ein av fordelane med å kjøpe nybygg er at du slepp bodrundar som ofte ein må ta stilling til ved kjøp av brukt bustad. I staden er det fast pris og «førstemann til mølla» prinsippet som gjeld. Dette betyr at du ikkje treng å bekymre deg for å bli dratt inn i ein bodkrig og ende opp med å betale meir enn ein hadde planlagt.

2. Lågare kjøpsomkostnadar

Dersom ein kjøper ein brukt sjølveigarbustad må du betale dokumentavgift til staten på 2,5% av heile kjøpesummen. Ved kjøp av nybygg betalar du kun 2,5% av tomteverdien, som i dette tilfellet er langt lågare.

Eit eksempel:
Dersom du kjøper ein brukt sjølveigarbustad på 70 m2 til 4 400 000 kr, må du betale 110 000 kr i dokumentavgift (2,5% av 4 400 000 kr = 110 000 kr).

Dersom du kjøper ny sjølveigarbustad på 70 m2 til 4 400 000 kr, er det anslått at du som kjøpar må betale ca 6050kr for 2,5% av tomteverdi.

I dette eksempelet sparar du altså kroner 103 950,- på å kjøpe nytt. 
NB! I tillegg kjem omkostningar som du må betale i begge eksempela. Ved kjøp av nybygg på Smedstad utgjer dette kroner 1170kr.

3. Moglegheit for tilval og personlege tilpassingar

Når ein kjøper nytt og er tidleg inne i prosessen, har du ein unik moglegheit til å skape ditt eige særpreg. Etter kontrakt er signert har ein moglegheit til å gjere personlege tilpassingar på tilvalsmøte. Dette gjeld for eksempel kjøkken og bad, elektriske installasjonar, rør og bad komponentar samt produktoverflater og fargar.

4. Nyaste standard og tekniske krav.

Når du kjøper nybygg, får du ein bustad som er bygd etter nyaste standard og tekniske krav. Dette betyr at bustaden er godt isolert, som reduserer behovet for oppvarming, smarte løysingar for energistyring og oppvarming, som senker utgiftene. Bustad som har dokumentert energiklasse A og B og er godkjent for grønt bustadlån. Dette gjev deg betydelig lågare lånerente enn vanleg bustadlån. I tillegg får du også ein heim som tilfredstiller høge krav til brannsikkerheit og ein heim som er bygd med moderne material og teknikkar.

Samla sett fører dette til lågare energikostnadar, lånekostnadar, vedlikehaldskostnadar
og eit betre inneklima samanlikna med eldre bustadar.

Illustrasjon av ei gjesteleilegheit på Smedstad

5. To gjesteleilegheiter du som eigar disponerar til besøkande gjester

På Smedstad har vi heile to gjesteleilegheiter du som kjøpar disponerar til utleige til besøkande gjester. Her har du eiga seng, tv, lite kjøkken, og eige bad til kvart rom. Ei lita hotelloppleving for dine næraste. Vi forstår at det er vanskeleg å ta steget å selje einebustaden din. Difor har vi lagt opp til eit enkelt liv, der du kan kjøpe den størrelsen som passar deg, men likevel ha moglegheit til å ha rom for besøkande. Det er dyrt med bustad i dag, difor treng du ikkje å kjøpe stort og dyrt – i dei tilfella ein treng eit eller to ekstra gjesterom. På Smedstad har du nok rom til dine nære og kjære.

6. Tilgang til Oskars hage og felles takterrasse

Kjøper du bustad på Smedstad disponerar du din eigen balkong eller terrasse på rund 11 m2. I tillegg til dette har vi planlagt ein liten oase i hjerte av tomta, nemleg Oskars hage. Hagen er oppkalla etter den gamle smeden som dreiv si verksomheit på tomta – Oskar Schei, og har difor fått namnet Oskar’s hage. Hagen er frodig og privat med adskilte sittegrupper, som innbyr til rekreasjon og sosialt samvær. Omkransa av blomsterkassar og mellomhøge spileveggar, vil dei forskjellige sonene danne eit innbydande friområde. Vi har satt opp ein pergola med plass til langbord og koselege grillkveldar for store og små.

Illustrasjon av Oskars hage

Dei hyggelege sonene vil vere ein stad der ein treffast, og vil bidra til aktivitet og liv i området. Vi har tenkt på skjerming slik at ein ikkje skal føle at ein sit på utstilling. Vi har laga eit pusterom der du kan sette deg ned med ei god bok eller sosialisere deg med andre. Her kan du trekke deg tilbake eller invitere favorittnaboen din på ein kopp kaffi.

Vi vil også nemne den lille tursien som er plass støpt ved den lille «grova»  langs tomtegrensa av første byggetrinn. Her kan ein ta korte rusleturar, sette seg ned, og berre lytte til den lille bekkesildringa å kjenne at roen senkar seg.

7. Du slepp å pusse opp

Kjøper du brukt bustad, må du rekne med kostnadar til oppussing og vedlikehald. Nokon gangar er det vanskeleg å forutsjå eksakt kor mykje som må gjerast før du kjøper. Gjengangarar er fukt, vasslekasjar, råte, utdatert pipeløp og tak som må skiftast.

8. Kjøp til dagens pris – overta med framtidig verdi

Når du kjøper ny bustad, betalar du fast pris. I det du flyttar inn, kan bustaden ha auka i verdi – utan at du treng å gjere noko ekstra. Sjølve fastprisen er ein fordel i seg sjølv. Den gjev deg økonomisk forutsigbarheit, og du slepp påkjenningar av å stå i ein bodrunde.

9. Du har rett til å klage dersom du ikkje er fornøgd

Ved kjøp av nybygg har du reklamasjonsrett på heile 5 år, i henhald til Bustadoppføringslova. Oppdagar du feil eller manglar, skal du kunne vere trygg på at det blir handtert i henhald til gjeldande lover og forskrifter.