Kari si reise frå Smestad til Smedstad

Tekstforfattar og foto: Heidi Hattestein

Kari Espeseth Bengtsson har dekka på med duk på steinbordet utanfor barndomsheimen og serverer kaffi og kjeks. Frå der ho sit, ser ho rett ned på tomta der Byggmester Stølsvik skal bygge fire signalbygg med 29 leilegheiter: Kontur, Neksus, Markant og Karakter. Der skal ho og ektemannen flytte inn.

— I tankane har vi allereie møblert leilegheita, og vi har hatt mange hyggelege kveldar med familie og venner på den store terrassen. Vi gler oss enormt, seier Kari.

Når Kari flyttar inn i det morderne leilegheitsprosjektet Smedstad på Smestad i Førde, kjem ho nesten heim. Ho voks opp her, og ho skal bli gammal her. Kari si reise frå Smestad og tilbake til Smedstad er ei reise i musikk og kjærleik, ei reise som har tatt henne til fleire land og mange adresser.

Å velje kvar ein skal bu er djupt personleg for oss alle. Så la oss tillate oss ei, lita personleg historie.

Eit bord med sjel

— Det var far min som laga steinbordet, seier Kari og lar handa gli varsomt langs den ruglete kanten på steinhella som er plassert på nokre avsaga trestubbar.

— Det har stått her i minst førti år. Eg kan ikkje hugse at han laga det, men eg er heilt sikker på at han bar det på plass med eiga muskelkraft. Han var ein meister til å finne teknikkar for å flytte dei tyngste ting. Rundt dette bordet har det vore samla mykje folk, også etter at vi søskena flytta heimanfrå og berre var på besøk. I den lyse årstida åt vi ofte middag her, og vi kunne vere så mange som femten i slengen. Vi bar ut stolar og høge stablar med tallerkenar, og så åt vi med fata i fanga, medan praten gjekk. Både mamma og pappa var svært nevenyttige. Han snikra og hadde ei råd med alt. Ho baka og safta og laga all mat frå grunnen av. Mange gode tips og mykje lærdom har blitt overlevert rundt dette bordet.

Familien til Kari er samansveisa. Dessverre har begge foreldra nyleg gått bort, og barndomsheimen er seld. Dei nye eigarane tok over nøklene for tre dagar sidan, og vi sit her med deira velsigning. Ein siste, liten piknik.

Ut i verda

Då Kari gjekk siste året på lærarskulen, spurde musikklæraren henne om ho ville reise på tysk-skandinavisk musikkveke i Flensburg i Tyskland. Kari song i kor, og der møtte ho Johan Bengtsson som spelte i orkester. Det vart søt musikk. Dei flytta til Sverige, først til Stockholm og sidan til Ørebro, og etter det budde dei tre år i Isfjorden i Rauma kommune.

Ein dag stod Kari og balanserte på skrivebordet til ektemannen, ho heldt på å henge opp gardiner. Ho såg ned, og der – midt på bordet – låg eit fagtidsskrift. Ei stillingsannonse lyste mot henne: Førde kulturskule søkte etter rektor.

— Du veit desse krystallklare augneblinkane i livet når du berre veit at noko viktig er i ferd med å skje? Sånn var det.

Johan fekk jobben, og i Førde flytta dei inn i Runnen, der dei har budd i 24 år.

— Hadde vi framleis hatt små ungar, skulle vi gjerne ha tatt over barndomsheimen her. Men ungane er blitt store, og vi har ikkje bruk for eit nytt oppussingsobjekt. Vi vil flytte inn i ei fiks ferdig leilegheit og bruke tida på andre ting.

Fann heim til slutt

Dei hadde snakka om det ei stund, at dei ville ha ei leilegheit på sine eldre dagar. Dei hadde sett på mange ulike byggeprosjekt.

— Johan foreslo det eine etter det andre, men eg berre «nei nei nei». Så kom vi over Smedstad.

— Og då blei det «ja ja ja»? spør vi.

— Ja, det var vel omtrent slik, ler ho.

Gode minner åleine er ikkje nok

Det er kombinasjonen av plassen og kvalitetane i Smedstad-prosjektet som gjer at ekteparet slo til.

Smestad ligg like ovanfor Førdehuset, omtrent der elva deler seg i Jølstra og Anga, og jordene breiar seg ut. Ein kan sjå dei avrunda fjelltoppane ligge lag på lag innover mot Sogn.

— Det er få plassar i Førde ein får vidsyn på denne måten, og utsikta er herleg. Dessutan er det sørvendt og sol heile dagen.

Smestad ligg sentralt, utan at ein får følelsen av å vere i sentrum. Ein er nære alle slags tenester og tilbod.

— Sjukehuset ligg på andre sida av elva, og det tar eit lite kvarter å gå til sentrum. Det er butikkar både oppover og nedover, og vi er nære kulturaktivitetar og jobb for Johan sin del; han er kulturleiar på Førdehuset. I tillegg er vi plasserte ved foten av eit fjell, så det er berre å spenne på seg turskoa og labbe av garde til Skeistølen og vidare til Førdsnipa. Vi kan bade i Fossen, eller berre sitje og late oss på terrassen og sjå på folkelivet i Angedalsvegen.

— Denne plassen er perfekt for oss!

Wow-faktor

Utvalet av leilegheiter er variert, frå 2- til 4-roms, i tillegg til to gjesteleilegheiter som alle kan disponere.

Kari og Johan har kjøpt ei av dei større leilegheitene med wow-faktor. Den er romsleg, med sør- og vestvendt terrasse, vinterhage og walk-in-garderobe. Vindauga går heilt i golvet og slepp inn rikeleg med naturleg lys, og ein kan forlenge stova ut i det fri med å opne dei moderne faldedørene.

— Vi likar veldig godt den opne løysinga mellom stove, kjøkken, vinterhage og uterommet. Dei felles uteområda er ein superbonus, og det same er dei to gjesteleilegheitene som vi kan leige dersom vi har mykje familie og mange gjester heime på same tid.

Tre generasjonar smedar  

— Vi var 13 ungar, og det var alltid nokon som kom på døra og ville leike. Vi spelte brentball og hoppa paradis. Vi lærte oss å sykle, og vi køyrde slalåm ned bakkane, på vanlege Åsnes-treski så klart, fortel ho og smiler ved minnet.

På den tida budde Schei-familien framleis på Smestad. Dei var smedar i tre generasjonar med meir enn hundre år i faget.

Ola Schei, eller Smed-Ola som han vart kalla, starta opp smie på Teigen. Då sonen Kristian tok over, flytta han forretninga ned på Smestad. Og då sonen Oskar tok over etter han igjen, flytta han smia frå kjellaren i huset til det som då var ein topp moderne næringseigedom på heile 300 kvadratmeter på nabotomta, der den ligg den dag i dag.

Smeden var ein viktig person i samfunnet. Vakre ting vart laga i smia, og ikkje minst verktøy som var naudsynte i det daglege arbeidet.

Det er ei arv Byggmester Stølsvik og Aaland Arkitektkontor fører vidare med høg standard og spennande arkitektur. Uteområda er eineståande. Kvar leilegheit har sin eigen romslege terrasse, og i tillegg er det ein felles takterrasse og gangsti langs bekken Gròva. Mellom bygningane er det lagt til rette for eit heilt nytt konsept av eit uteområde det ikkje finst make til i Førde: Oskars Hage, kalt opp etter den siste smeden.

Hagen er frodig og delt inn i sonar, der ein kan sosialisere med andre, eller få eit pusterom for seg sjølv. Det er plenområde til leik og moro.

— Eg hugsar godt Oskar og familien hans. Kona Bjørg var pianolæraren min i fleire år, seier Kari og held fram:

— Eg flyttar ikkje heim akkurat, men eg flyttar til noko nytt på ein kjent og kjær plass.

Det er framleis nokre leilegheiter att.
Sjå lenke til salsannonse her: https://bit.ly/3COb6Qj
Eller klikk på biletet under for oversikt over ledige leilegheiter.

DCIM\100MEDIA\DJI_0036.JPG

» data-medium-file=»https://raymondsandoy.files.wordpress.com/2021/08/eksterior_byggmstolsvik_smedastad_v1-edited.jpg?w=300″ data-large-file=»https://raymondsandoy.files.wordpress.com/2021/08/eksterior_byggmstolsvik_smedastad_v1-edited.jpg?w=750″>

Ansvarleg meklar for Smedstad prosjektet er
Raymond Sandøy i GARANTI
M: 9555 9444 | E-post: raymond.sandoy@garanti.no

S M E D S T A D | Presentert av GARANTI